Eigenberedskap i heimane Du bør kunne klare deg sjølv i minst tre døgn Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst tre døgn. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no? Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett. Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare. Du er ein del av beredskapen i Noreg Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. – Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Eksempel på beredskapslager: 9 liter vann per person (Les også: Slik lagrer du vann) to pakker knekkebrød per person en pakke havregryn per person tre bokser middagshermetikk eller tre poser tørrmat per person tre bokser med pålegg med lang holdbarhet per person noen poser tørket frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade medisiner du er avhengig av ved-, gass eller parafinovn til oppvarming grill eller kokeapparat som går på gass stearinlys, lommelykt med batterier eller parafinlampe fyrstikker eller lighter varme klær, pledd og sovepose førstehjelpspakke batteridrevet DAB-radio batterier, ladet batteribank og mobillader til bilen våtservietter og desinfeksjonsmiddel tørke-/toalettpapir sanitetsprodukter litt kontanter ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/rødsprit til oppvarming og matlaging jodtabletter ved atomhendelser dersom du er under 40 år, gravid, ammende eller har barn som bor hjemme (Les mer på dsa.no) Publisert av Marte Saure Sist endra 07.12.2022 12:02
Verdsdagen for psykisk helse Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag og blir markert kvart år 10. oktober for å skape merksemd om psykisk helse.
Kulturpris 2023 - Frist er 30.oktober 2023 Vanylven kommune og Sparebanken Møre deler årleg ut ein kulturpris til einskildpersonar, organisasjonar eller andre aktørar, som gjer eller har gjort ...
Mørkt gatelys? Då kan du melde inn her Feil på gatelys/veglys eller lys i stolpen som ikkje virkar? Det kan du melde inn her: Klikk deg inn i kartløysninga for å melde frå om mørkt gatelys
Eldreråd 2023 - 2027: Forslag på medlemar Funksjonstida for Vanylven eldreråd fylgjer valperioden til kommunestyret. Kommunestyret skal difor i haust oppnemne eldreråd for perioden 2023 -2027. ...
Råd for funksjonshemma 2023 - 2027: Forslag på medlemar Funksjonstida for Vanylven råd for funksjonshemma følgjer valperioden til kommunestyret. Kommunestyret skal difor i haust oppnemne råd for funksjonshe...
Pasient- og brukarombodet Er du ikkje nøgd med helsetenestene, eller har spørsmål om rettane dine, kan du få hjelp og råd frå pasient- og brukarombodet. Kven som helst kan ta k...
Vest kontroll har fått nytt arkiv- og møtesystem Alle som er interesserte kan lese møtedokumenta til kontrollutvalet på Vest kontroll sine heimesider.
Her er det nye kommunestyret Sjå kven som får plass i kommunestyret. Nedanfor ser du medlemmene i kommunestyret i Vanylven i perioden 2023–2027.
No kan du søkje om spelemidlar for 2024 – søknadsfrist 1. november 2023 Kven kan søkje? Søkjarar om tilskot av spelemidlane sitt overskot til idrettsanlegg kan vere kommune, fylkeskommune, idrettslag, andelslag eller andre ...
SMIL-tilskot og dreneringstilskot Landbrukstilskot I år har vi meir tilskotsmidlar enn søknadar. Vil du søkje? Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL-tilskot Føremålet med SMIL-tilsko...