Høyring – Interkommunal veteranplan for Sjustjerna

Høyring – Interkommunal veteranplan for Sjustjerna

Vanylven formannskap vedtok i møte 12.03.2024 i sak 49/24 å sende utkast til Veteranplan for kommunene på Søre Sunnmøre ut på høyring.

Veteranplan 2024 (PDF, 948 kB)

Kommunane på Søre Sunnmøre er samde om å utarbeide ein felles veteranplan og å samarbeide om arrangement og aktivitetar som del av planen. Kvar kommune bør definere ei veterankontakt, i tillegg til ei felles koordinerande veterankontakt. Felles veterankontakt må få dekt sine kostnader i samband med vervet som er utan fast godtgjersle. Planen er ein temaplan med oversikt over ressursar og informasjon som vedlegg.

 

Høyringsfrist vert sett til 24.april 2024.

Innspel til planen skal sendast til vanylven kommune, Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå. E-post: postmottak@vanylven.kommune.no

 

Etter at høyringsfristen er gått ut, vert planen lagt fram for politisk handsaming med endeleg vedtak i kommunestyret.