Høyring – Strategisk næringsplan for Vanylven kommune 2024-2040

Høyring – Strategisk næringsplan for Vanylven kommune 2024-2040

Vanylven formannskap vedtok i møte 12.03.2024 i sak 48/24 å leggje forslag til Strategisk næringsplan for Vanylven kommune 2024-2040 ut på høyring.

Strategisk næringsplan_2024-2040 (PDF, 3 MB)

I forbindelse med arbeidet med ny kommuneplan for Vanylven, har Vanylven utvikling utforma ein strategisk næringsplan som eit tillegg til samfunnsplanen og landbruksplan. Det har blitt gjennomført ope møte med næringsdrivande i kommunen der ein har fått innspel til planen. Den strategisk næringsplanen for Vanylven kommune 2024-2040 er vedtatt i Vanylven utvikling sitt styre.

 

Høyringsfrist vert sett til 24.april 2024.

 

Innspel til planen skal sendast til vanylven kommune, Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå. E-post: postmottak@vanylven.kommune.no

 

Etter at høyringsfristen er gått ut, vert planen lagt fram for politisk handsaming med endeleg vedtak i kommunestyret.