Vanylven brann og redning skal ha øving i Fiskå sentrum denne veka

Vanylven brann og redning skal ha øving i Fiskå sentrum denne veka

Vanylven brann og redning har denne veka kurs for utrykningsleiarar frå fleire kommunar på kommunestyresalen. 

Frå onsdag til laurdag vert det ein del køyring med brannbil med blålys rundt om i sentrum på Fiskå og det vil vere øvingsrøyk frå enkelte hus. 

Ver merksame på at dette er kun øving.

Brannsjef-John Sindre Kragset

Tjue deltakarar frå tolv kommunar deltek på kurset. I kurset Utrykningsleder deltid skal deltakarane få ei opplæring med hovedtyngde på utrykningsleiing.

Brannsjef- John Sindre Kragset