Handlingsrettleiar

Handlingsrettleiar

Handlingsrettleiaren er ei "oppskrift" som du kan følgje frå punkt til punkt, og inkluderer mange gode hjelpemiddel du kan nytte. Start på nivå 0 punkt 1, og følg nivåa vidare etter behov.

OBS! Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt:  Meld saka direkte til barnevernstenesta 70058800, barnevernsvakta 91576020 og/eller politi (02800). I slike høve skal ein ikkje informere foreldre/føresette om meldinga. Diskuter saka med din leiar.

 

  

 Nivå 0: Konkretiser uro

1. Uro oppstår

Uro oppstår

Med uro meinar ein observasjonar eller hendingar som fører til ei bekymring angåande barns helse, trivsel eller livssituasjon. Eventuelle spørsmål ut frå observasjonar eller hendingar kan indikere behovet for å undersøke livssituasjonen nærare. Uro inneber ingen gjettingar eller konklusjonar. 

Verktøy

  1. Signal på mogleg mistrivsel hjå barn og unge (PDF, 494 kB)
  2. Snakke med barn
  3. Trafikklyset - Seksuell åtferd
  4. Livet & sånn

     

2. Konkretiser uro

Konkretiser uro

Konkretisering betyr at den uroa ein har fått gjennom observasjon eller samtalar samanfattast og skrifteleggjerast.  Konkretisering inneberer eventuelle spørsmål som ein ynskjer å få svar på og som kan underbygge eller avkrefte ei uro. 

Under finn du BTS-verktøy som kan være til hjelp når du skal definere uroa di.

NB: Trur du allereie no at uroa di kan vere knytt til barnet sitt fysiske og psykiske skule- eller barnehagemiljø hugs:

Opplæringslova §9A

Barnehagelova §41-43

Verktøy

Barn og unges signal på mogleg mistrivsel (PDF, 494 kB)

Skala for uro - barn og unge (PDF, 491 kB)

Skala for uro - føresette (PDF, 476 kB)

  1. Observasjonsskjema (DOCX, 35 kB)

 

3. Del uro

Del uroa 

Med "del uroa" meina ein at kvar enkelt delar sine observasjonar. Del uroa di med:

  1. Kollega i eiga avdeling
  2. Næraste leiar
  3. Føresette/den unge
  4. Kontaktperson/koordinator (om du kjenner til at slik er oppretta)

Verktøy

Tips til undringssamtale - barn og unge (PDF, 459 kB)

Tips til undringssamtale - føresette (PDF, 445 kB)

Samtykkeskjema (DOCX, 44 kB)

 

 

4. Avklar uro

Avklar uro

Er det grunnlag for å gå vidare? Vurderer behovet for vidare oppfølging.

Dersom du er usikker, ta kontakt med hjelpetenestene (pedagogisk rettleiingstenestehelsestasjonbarnevern) for råd og rettleiing.
Vi ynskjer fortrinnsvis ei opa drøfting av saka, med samtykke frå føresette/den unge. Dette gir erfaringsmessig det beste utgangspunktet. Saka kan evt. også diskuterast anonymt om samtykke ikkje ligg føre.

  1. Behov for å setje i verk tiltak?
    -Gå til nivå 1 i rettleiaren
     
  2. Behov for å hente inn ekstern hjelp utanfor gjeldande teneste?
    -Gå til nivå 2 i rettleiaren. Avgjer kven som skal vere ansvarleg for det vidare arbeidet. 
     
  3. Ikkje grunnlag for vidare oppfølging?
    -Lukk saka. Takk dei involverte for godt samarbeid

Verktøy

Samtykkeskjema (DOCX, 44 kB)

 

5. Avslutt saka

Avslutt saka

Dersom det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging avsluttar de saka. Takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette/barnet/ungdommen på at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det skulle oppstå nye vanskar på eit seinare tidspunkt. 

 

 Nivå 1: Fra bekymring til tiltak

1. Møte med føresette / den unge

Del uroa med føresette / den unge og skap ei felles forståing

Inviter og gjennomfør eit møte med føresette og/eller barnet/ungdommen der du deler dine observasjonar og di uro så snart som råd.

  • gjeld dette eit barn sitt fysiske og psykiske skule- eller barnehagemiljø:

Opplæringslova §9A

Barnehagelova §41-43

Skap ei felles forståing kring situasjonen saman med føresette / den unge.  

Avtal tiltak både i heim og aktuell teneste.

  1. Dersom du gjennomfører samtalen med føresette - avklar kven som har ansvar for å informere barnet/ungdommen, korleis ein informerer og korleis ein gir vedkomande høve til å uttale seg. 
  2. Dersom du gjennomfører samtalen med den unge - vurder om det er behov og rett tidspunkt for å informere/kople på føresette, be eventuelt om samtykke og ta kontakt. 

Avtal tidspunkt for evalueringsmøte.

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkje råd og rettleiing hos hjelpetenestene (pedagogisk rettleiingstenestehelsestasjonbarnevern), utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid. Hugs då samtykke frå føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

Verktøy

  1. Den nødvendige samtalen (PDF, 538 kB)
  2. Samtykkeskjema  (DOCX, 44 kB)
  3. Møtemal (DOCX, 30 kB)
2. Opprett stafettlogg/ dokumentasjon

Skap felles forståing

I situasjonar der barn og unge treng hjelp i ein fase i livet sitt, skal kommunen etter kvart nytte ein elektronisk logg/stafettlogg for samhandling som sikrar dokumentasjon, samarbeid, framdrift og gode overgangar i dette hjelpearbeidet. Den saka gjeld skal informerast om dette, og gje samtykke til opprettinga av loggen. Forvaltningskontoret med koordinerande eining i kommunen vil sannsynlegvis få på plass stafettlogg iløpet av våren 2024. Forløbig brukar dei ulike tenesteområda i kommunen det fagsystemet/arkiveringssystemet som ein har pr. dato.

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkje råd og rettleiing hos andre tenester/avdelingar, utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid. Hugs samtykke frå føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

Verktøy

Samtykkeskjema (DOCX, 44 kB)

3. Sett i verk tiltak

Sett i verk tiltak

Avtalte tiltak vert sette i verk og gjennomført på aktuell arenaer.

Dokumenter kva som vert gjort i eige fagsystem eller i kommunen sitt arkivsystem.  

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring. 

Verktøy

  1.  Møtemal (DOCX, 30 kB)
  2.  Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 494 kB) 

 

4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte og avgjerd om vegen vidare

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaket har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    -Avslutt loggen
     
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram
    eller
    de ser at tiltaka har hatt effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak i eiga teneste.
    Gå tilbake til Nivå 1 steg 3.
     
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behovet for hjelp frå eskterne tenester og drøftar vidare innsats.
    -Bestem aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2. Hugs samtykke frå føresette eller ungdommen.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast. 

Verktøy

1. Samtykkeskjema (DOCX, 44 kB)

Lenke til Barn og unges helseteneste, spesialisthelsetenesta (under arbeid):

Bekymring om psykisk helse

 

 

 Nivå 2: Tverrfagleg innsats

1. Samarbeidsmøte - oppstart

Samarbeidsmøte - oppstart

Hent inn samtykke frå føresette og kall inn aktuelle hjelpeinstansar til eit samarbeidsmøte. 
Presenter saka og skap ei felles forståing av situasjonen. Avgjer kven som skal vere kontakt person vidare, med ansvar for møteleiing, referat og oppdatering av dokumentasjon.  

Verktøy

Samtykkeskjema (DOCX, 44 kB)

Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 494 kB)

Møtemal (DOCX, 30 kB)

2. Samarbeidsmøte - planlegg tiltak

Samarbeidsmøte - planlegg tiltak

Når saka er presentert for samarbeidspartane er neste punkt å planlegge aktuelle tiltak. Dokumenter tiltaka i fagsystem, eventuelt i kommunen sitt arkivsystem. Hugs å få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak. 

Barnekoordinator

Lenke til Barn og unges helseteneste, spesialisthelsetenesta (under arbeid):

Bekymring om psykisk helse

Mål: At involverte tenester/instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeidar etter felles målsettingar og er kjent med kvarandre sin innsats.

Til slutt i samarbeidsmøtet avtalar ein tidspunkt for evalueringsmøte. 

Møtemal (DOCX, 30 kB)

3. Sett i verk tiltak

Sett i verk tiltak

Gjennomfør avtalte tiltak på aktuelle arenaer. Bruk fagsystem/arkivsystemet til dokumentasjon.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

  1. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 494 kB)
  2. Møtemal (DOCX, 30 kB)
4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

Samtykkeskjema (DOCX, 44 kB)

Samtykke til stafettlogg - ikkje sett i verk enno.

  1. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 494 kB)
  2. Møtemal (DOCX, 30 kB)
5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er lenger ikkje grunn til å uroa seg.
    - Avslutt saka.
     
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram
    eller
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønska effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
    - Gå tilbake til nivå 2 steg 2
     
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behovet for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    - Bestem aktuelle samarbeidspartar, lag tilvising/melding til desse, og kall dei inn til møte på nivå 3. Hugs nytt og utvida samtykke frå foreldre til å involvere eksterne samarbeidspartar. 

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast. 

Verktøy

  1.  Samtykkeskjema (DOCX, 44 kB)

 

 

 Nivå 3: Omfattande tverrfagleg samarbeid

1. Etabler kontakt mellom relevante tenester

Etabler kontakt mellom relevante tenester

Kontaktperson og føresette/barn presenterer problemstillinga for øvrige tenester.
Avgjer kven som skal vere kontaktperson/koordinator i det vidare arbeidet.

Ved oppretting av koordinator og/eller ansvarsgruppe: 

Kommunen nyttar ein elektronisk logg for samhandling og individuel plan som sikrar dokumentasjon, samarbeid, framdrift og gode overgangar i dette hjelpearbeidet. Den saka gjeld skal informerast om dette, og gje samtykke til opprettinga av planen. Koordinator sørgjer for at aktuelle instansar får tilgang til den digitiale samhandlingsplattforma. Koordinator har ansvar for møteinnkalling, møteleiing, referat og evt. individuel plan. 

Verktøy

Samtykkeskjema (DOCX, 44 kB)

Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 494 kB)

Koordinerande eining og individuell plan

Barnekoordinator

2. Samarbeidsmøte/Ansvarsgruppemøte - planlegg tiltak

Gjennomfør samarbeidsmøte/ansvarsgruppemøte og planlegg tiltak

Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og aktuelle instansar.

Avklar tid og inviter til nytt møte.

Verktøy

  1. Møtemal (DOCX, 30 kB)
3. Sett i verk koordinerte tiltak

Sett i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sett i verk og gjennomført på aktuelle arenaer. Bruk digitalt samhandlingsverktøy for referat og evt. individuell plan til dokumentasjon av tiltaka. 

Førebu evalueringsmøte. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

Verktøy

  1. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 494 kB)
  2. Møtemal (DOCX, 30 kB)
4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte

Gjennomfør eit evalueringsmøte der de evaluerer den tverrfaglege innsatsen og om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

Samtykkeskjema (DOCX, 44 kB)

  1. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 494 kB)
5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er to moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    - Avslutt loggen
     
  2. Dei koordinerete tiltaka har ikkje gitt ønska effekt.
    - Sett i verk tiltak på nivå 1, 2 eller 3.

NB! Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast.