Aasta Hamre er tilsett som ny HR-leiar

Aasta Hamre er tilsett som ny HR-leiar

Aasta Hamre er tilsett som ny HR-leiar i Vanylven kommune. Ho tek til i stillinga offisielt frå 01.03.24, men har allereie starta ein overlapp med noverande HR-leiar, Karina.  

Stillinga til Aasta vil ligge under kommunedirektøren sin stab, og vil ha arbeidsstad på rådhuset. 

Den nye leiaren kjem frå stillinga som konsulent ved forvaltningskontoret, og vil framleis vere der ut oppsigelsestida på 3 månader.

Hamre har lang arbeidserfaring frå NAV både som rådgjevar og leiar.  Aasta har vore NAV leiar både i Selje og Vågsøy i om lag 9 år, og deretter avdelingsleiar i NAV Sarpsborg i 4 år fram til ho kom til Vanylven kommune i februar 2023.

Aasta er godt kjent med den offentlege sektoren både frå kommune og NAV.  Motivasjonen hennar for stillinga er at ho får eit overordna fagansvar for personalområdet og at ho får vere med å utvikle og bistå dei tilsette som er organisasjonen sin viktigaste ressurs. Stilling har ein fin kombinasjon av strategisk, administrativt og operativt arbeid noko som Aasta trivast godt med. Aasta ser fram til å bygge gode relasjonar og samarbeide godt med alle leiarane og tilsette, tillitsvalte, vernetenesta og innbyggjarane i Vanylven kommune.

 

Vi ønskjer Aasta all lukke til i jobben og gler oss til samarbeidet vidare.