Åtvarar mot farlege rusmiddel i området

Åtvarar mot farlege rusmiddel i området

Politiet og Ålesund kommune har gått ut med eit felles brev til føresette med barn i skulen. Dei har frå ulike kanalar fått informasjon om at det kan vere svært farlege rusmiddel i omløp i Ålesundsområdet.

Sidan det er kort veg mellom kommunane Ålesund og Vanylven, vel vi å dele vidare informasjonen i brevet.

Stoffet på blyantspissen er om lag 2 miligram med fentanyl. Det er nok til å drepe eit voksent menneske United States Drug Enforcement Administration

Risiko for overdosar og dødsfall

Dei narkotiske stoffa er fentanyl og nitazen. Dette er syntetiske morfinstoff som er mange gangar sterkare enn morfin/heroin, og som ved bruk i svært små mengder kan ha dødeleg utgang. Fentanyl og nitazener verkar smertestillande og roande. Sidan stoffa er ekstremt sterke er dei vanskelege å dosere og dermed er risikoen stor for overdosar og dødsfall. Ved for store dosar vil brukaren få problem med pusten, kunne miste bevisstheita og få hjartestans.

Fryktar at desse farlege stoffa er tilset i andre rusmiddel og tablettar

I brevet skriv dei at opplysningar lokalt som er henta inn gjennom dei to siste vekene, gjer at dei spesielt fryktar at desse livsfarlege stoffa er tilset i cannabisprodukt som hasj, marihuana og olje (til røyking/vaping). Stoffa kan og vere tilset i andre illegale rusmiddel og tablettar.

Det har til no ikkje vore mogleg å teste nokon av dei stoffa som er i omløp og på den måten få heilt sikre faktakunnskapar. Likevel ser nettverket av ulike tenester som har henta inn desse opplysningane, at informasjonen er så viktig og alvorleg (fare for liv og helse) at dei ser seg nøydd til å dele den så breitt som mogleg. 

Ta ein prat med ungdommane om rus

Vi oppmodar foreldre og føresette å snakke med sine om rusmiddel og rus no før juletida. Særleg er det viktig at dei er klar over at dei ikkje kan stole på innhaldet i eventuelle illegale rusmiddel.