Avviksmelding ved feil sortering i renovasjonsdunken

Avviksmelding ved feil sortering i renovasjonsdunken

Det er mykje feil sortering av avfall. Vi oppmodar alle i Vanylven kommune om å bruke dunkane til det avfallet det er meint som. 

Vi har fire sorterings dunkar: grå restavfall, blå papiravfall, brun matavfall og plastsekker til plastavfall.

Det skal ikkje stå avfall som t.d pappesker og søppelsekker vedsiden av dunken. Det er kun den dunken som er meint for den aktuelle veka som vert tømt.

Dersom det vert oppdaga mykje feil, vil du få ei avviksmelding festa på dunken. 

Sortering informasjon    

Vi oppmodar alle om å bruke appen “MinRenovasjon”. Der får du få ei påminning dagen før kva type renovasjon som vert henta den aktuelle veka. 

Dersom du er tom for sekk til returplast kan du hente ein ny rull ved servicetorget på rådhuset, eller knyte ein tom plastpose på den blå dunken (brun for matavfallsposar) til neste søppelhenting. Då leverar bossbilen ut ein ny rull til deg. Same gjeld for våtorganisk avfall.