Brøyting og strøing på vintervegar

Brøyting og strøing på vintervegar

No når vi igjen har fått snødekte vegar ynskjer vi å dele litt informasjon om vinterdrift og brøyting av veg.

Illustrasjonsbilete-istockphoto.com

Ved snøfall er det kommunale hovedvegar som vert prioritert først. Deretter skular, barnehagar etc. andre vegar.  Vegane skal berre brøytast så ofte dette er naudsynt for å halde dei opne og farbare for vanleg ferdsel. Vegane skal vere framkomelege for køyretøy som er normalt utrusta for vinterkøyring. Som ei rettesnor skal vegen brøytast innan det har kome 15 cm snø og brøyting skal ikkje igongsetjast før det har kome 10-12 cm snø.

Ved veromslag og glatte vegar kan det ta ei tid før alle vegar, gater og fortau er strødd. Strøing ved skuler, barnehagar og gangveger vert prioritert først. Elles er det i bakkar, svingar, inn mot kryss og fotgjengarfelt at det blir strødd.

Det vert ikkje strødd når det snør. Vegen kan være glatt, men strøing har då liten effekt.

Vanylven kommune saltar ikkje vegane, men strør med strøgrus. Strøgrusen har iblanda litt salt. Dette for å hindre at sanden frys til og blir uhandterleg. Det er av omsyn til miljøet vi har valt å ikkje strø med salt.

Brøytestikker og tryggleik

Brøytestikker er svært viktige for tryggleiken til brøytemannskapa og bilførarar generelt. Vi oppmodar om at brøytestikkene må få stå i fred.

Vis tolmod og køyr varsamt. Vær spesielt merksam på mjuke trafikantar!

Kvar enkelt har eit ansvar for eigen tryggleik med å sko seg rett etter vêrforholda.

Vanylven kommune har gjort avtalar med ulike brøytarar i dei ulike krinsane. 

Område kommunen ikkje brøyter

Brøyting og strøing av fylkesvegar og gang- og sykkelveg langs tidlegare riksvegar er Statens Vegvesen sitt ansvar (tlf. 175)