Endringar innanfor heimebaserte tenester

Endringar innanfor heimebaserte tenester

Informasjon til innbyggjarane angåande endringar innanfor heimebaserte tenester i Vanylven kommune.

På bakgrunn av politisk vedtak hausten 2020, vart det bestemt ei endring i drift av heimebaserte tenester i Vanylven kommune. Dette saman med sentrale styringsdokument (stortingsmeldingar), gjer at vi må sjå på moglegheiter for å styrke heimebaserte tenester for eldrebølga i framtida.

Målet er å utvikle heimebaserte tenester i tråd med kommunen sin Eldreplan og St. Meld 15 «Leve Hele Livet», med fokus på fagutvikling, kontinuitet, tidleg innsats, brukarmedverknad og velferdsteknologi. Vanylven har ein stor del eldre menneske, og for å imøtekome framtida sine utfordringar, er det viktig å førebygge behovet for heildøgns-omsorg ved å auke heimetenesta sin kapasitet og kompetanse.

Vi vil i større grad ha ein teneste som i tråd med «Leve Hele Livet» gjer:  

  • At eldre får fleire gode leveår der dei beheld god helse og livskvalitet, meistrar eige liv og får den helsehjelpa dei treng når dei har behov for det.
  • Pårørande som ikkje vert utslitne, og som kan ha ein jamn innsats for sine næraste.
  • Tilsette som opplever at dei har eit godt arbeidsmiljø, der dei får nytte kompetansen sin og får gjort en fagleg god jobb.

Det vil verte ei samling av dei to heimeteneste-sonene vi har i dag (sone nord og sør), til ei felles heimesjukepleie med éin felles leiar. Vanylven kommune vil då få eit større fagmiljø og moglegheiter til å fordele faglege ressursar likt utover heile kommunen, der det er behov for det. Vi vil få meir samarbeid og fordeling av den kompetansen vi har tilgjengeleg. Målet er at tenesta vert styrka, der både kvardagen til dei tilsette og kvaliteten på tenesta vert opplevd som betre. Med delt ansvar for oppgåver, spesielt det sjukepleier-faglege, vil tenesta verte styrka ved sjukdom/ferier osv.

Kommunen er i gong med kartlegging med tanke på korleis samanslåing kan gjennomførast.

Eli Tefre Nordal, som er tilsett som kommunalsjef for helse og omsorg, vil leie arbeidet saman med leiar for tenesta.

Karoline Lundås er tilsett som ny leiar for heimebaserte tenester i Vanylven kommune og vil starte i stillinga rundt 1. oktober. Dette vert ein prosess som går over tid med involvering av dei tilsette og tenestemottakarane.

Kommunen vil informere innbyggjarane og teneste-mottakarane gjennom prosessen.