Forslag på meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten

Forslag på meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten

Kommunestyret skal innan 1. juli 2024 velje meddommarar:

  • 4 kvinner og 4 menn til tingretten
  • 3 kvinner og 3 menn til lagmannsretten
  • 8 personar til jordskifteretten - like mange kvinner og menn

I fylgje § 67 i domstollova skal utvala ha ei allsidig samansetjing, slik at dei best mogleg representerer alle delar av befolkninga. Kommunen skal oppfordre folket til foreslå kandidatar til valet.

Dei som skal veljast må ha tilstrekkelege norskkunnskapar, vere personleg eigna til oppgåva og vere over 21 år 01.01.2025 og under 70 år 01.01.2025. Meddommarar til jordskifteretten må vere kunnige i dei saker som jordskifteretten handsamar.  Nærare info finn ein på domstol.no.

 

Forslag på kandidatar skal sendast til Vanylven kommune, rådhusvegen 1, 6143 Fiskå innan 1. april 2024.

E-post: postmottak@vanylven.kommune.no

 

 

-Ordføraren