Gratis energianalyse av bustaden din

Gratis energianalyse av bustaden din

No får alle innbyggarar i kommunen gratis tilgang til energiportalen.no 

Søk opp bustaden din på energiportalen.no

Energiportalen.no

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis han skal brukast.

Bli bevisst 

Portalen er eit godt verkemiddel for å bevisstgjere huseigarane sin energibruk og sparepotensiale. Energiportalen kan blant anna gi deg svar på kor mykje du kan spare på straumrekninga di ved å redusere energibruken i heimen din, og også gi tips og råd om korleis gjere det.

Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi, og skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val. 

Energiportalen er tilgjengeleg til september 2024. 

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og er levert i samarbeid med kommunane i fylket. Energiportalen er levert av Simenergi AS.