Har du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? Invitasjon til sorggruppe for barn

Har du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? Invitasjon til sorggruppe for barn

Pixabay.com

Sorggruppe er eit tilbod til barn i 1.–7.klasse som har mista søsken eller ein forelder. Sorg er ein langvarig prosess, men mange opplever det nyttig å treffe andre barn i same situasjon. Dei kjenner seg mindre aleine og dei forstår lettare sine eigne reaksjonar og opplevingar.

KVIFOR DELTA I SORGGRUPPE?

  • Hjelpe barnet til å forstå sorg
  • Normalisere tankar, kjensler og handlingar
  • Støtte barnet til å finne styrke i seg sjølv og relasjonane sine
  • Øve på å fortelje si eiga tapshistorie
  • Hjelp til å bearbeide minne

Stad: Ulstein helsestasjon

Tid: Vår og haust

PRAKTISK INFORMASJON

Gruppene er for barn frå kommunane:

  • Sande
  • Herøy
  • Hareid
  • Ulstein
  • Ørsta
  • Volda
  • Vanylven 

Vi samlast fem gongar i om lag 1,5 time. Tilbodet er gratis og livssyns-nøytralt. Gruppa vert leia av to helsesjukepleiarar som har teieplikt.

PÅMELDING

Helsesjukepleiar: Mari Haugen Lunde, Ulstein kommune

E-post: mari.haugen.lunde@ulstein.kommune.no

Telefon: 48 22 73 42

Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon? Ta kontakt med helsestasjonen i kommunen din

Brosjyre (PDF, 141 kB)