Høyring alkoholpolitisk handlingsplan 2024-2028

Høyring alkoholpolitisk handlingsplan 2024-2028

Formannskapet vedtok i møte 12.03.24 – sak 50/24 å sende forslag til alkoholpolitisk handlingsplan 2024 – 2028 ut på høyring. 

Kommunane på Søre Sunnmøre samarbeider om alkoholpolitisk handlingsplan. Planen for 2020 - 2024 vart utarbeidd av ei interkommunal arbeidsgruppe frå desse kommunane. Samarbeidet vart vidareført ved utarbeiding av utkast til plan for perioden 2024 - 2028.

 

Alkoholpolitisk handlingsplan - høyring (ODT, 218 kB)

Gjeldande plan vert stort sett vidareført.

 

Utanom redaksjonelle og språklege justeringar finn ein desse endringane:

Oppdaterte tal og fakta frå Folkehelseinstituttet 

Oppdaterte tal frå Ungdata.

Skjenketid alkoholhaldig drikk i guppe 1 og 2 (øl og vin) mellom kl. 09.00 og 02.00.  Ein time seinare skjenkestart enn i noverande plan.

Punkt om at lokala må vere tilgjengelege for menneske med nedsett funksjonsevne.

Nytt punkt om salsløyve ved einskildhøve.  Problemstillinga har ikkje vore aktuell tidlegare, men vert no teke inn i planen i tilfelle slike søknader skulle dukke opp.

Nye punkt om salsløyve ubetente butikkar og sjølvbetente kasser og butikkar:

  • Det vert ikkje gitt salsløyve til ubetente butikkar (5.1.1)
  • Det skal utarbeidast rutinar for å kontrollere at personar som kjøper alkohol i sjølvbetente kasser ikkje er rusa og fyller vilkår for alder ( 5.1.4 Vilkår for salsløyve)
  • Sal/utlevering av alkohol i sjølvbetente butikkar kan berre skje dersom det er personale til stade.  ( 5.1.4 Vilkår for salsløyve)

 

Helsedirektoratet har i skriv av 22.10.2021 drøfta sal av alkoholhaldig drikk frå ubetente kasser og butikkar.

Det vert konkludert med at sal av alkoholhaldig drikk frå ubetent butikk vil vere ei salsform som krev endring i regelverket. Skrivet vert avslutta med å slå fast at “det ikke er tillatt å selge alkohol i selvbetjente kasser uten at en ansatt er til stede for å vurdere eventuell ruspåvirkning”.

 

 

Innspel til planen skal sendast til Vanylven kommune, rådhusvegen 1, 6143 Fiskå.

E-post: postmottak@vanylven.kommune.no

 

Høyringsfrist vert sett til 3. mai 2024.

 

Etter at høyringsfristen er gått ut, vert planen lagt fram for politisk handsaming med endeleg vedtak i kommunestyret til sommaren.