Informasjon om prosjektet «Reetablering av familie- og læringssenteret»

Informasjon om prosjektet «Reetablering av familie- og læringssenteret»

01.09.2023 starta prosjektet «Reetablering av familie- og læringssenteret». Prosjektet ser på det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og unge i kommunen, organisering av tenestene og eventuell reetablering av familie- og læringssenteret. Prosjektet varer til september. Solveig Menes er prosjektleiar og har med seg ei tverrfagleg samansett prosjektgruppe med representantar frå skule/barnehage, helsestasjonen og andre sentrale einingar som jobbar med barn og unge i kommunen.  

Første halvår har prosjektet mellom anna arbeida med:     

  • Kartlegging av status og behov i dei kommunale tenestene rundt barn og unge 
  • Møter med tilsete i skular og barnehagar i kommunen og tenestene som var organisert under tidlegare FLS  
  • Etablert tverrfaglege team (BTS-team: Betre tverrfagleg samarbeid) i skular og barnehagar  
  • Innhenta Informasjon om korleis andre kommunar organiserar tenestene  
  • Plan om etablering av ein ny ungdomsklubb og ungdomscrew.  
  • Arbeid med organisering av nytt, lovpålagt psykisk helsetilbod for barn og unge i kommunen  

 

 Framover vil prosjektet arbeide med:  

  • Innhente erfaringar frå ungdom, foreldre/familiar som bruker/har brukt tenestene    
  • Framtidig organisering av tenestene 
  • Starte opp tverrfagleg samarbeid på systemnivå  
  • Følgje opp aktivitetar som vart starta første halvår  
  • Sikre samarbeid med spesialisthelsetenesta 
  • Dersom de har spørsmål eller innspel til arbeidet i prosjektet, ta gjerne kontakt med underteikna.  

 

Ynskjer alle ein god dag.   

Mvh 

Solveig Menes 

Prosjektleiar «Reetablering av familie- og læringssenteret»      

solveig.menes@vanylven.kommune.no  

Ttlf. 90 62 59 52