Kulturprisvinnar 2023 Heidi Endal!

Kulturprisvinnar 2023 Heidi Endal!

Under kommunestyremøtet tysdag 12.12.23 var det kåring av kulturprisvinnar, Heidi Endal.

Tysdag hadde kommunestyret årets siste møte.  Og i tradisjon tru var det kåring av kulturprisvinnaren som stod på programmet under julemiddagen. 

Heidi Endal vart tildelt eit pengebeløp frå Sparebanken Møre som banksjef, Sissel Kragset Vik fekk æra av å dele ut. I tillegg vart Heidi eigar av eit saudeskinn utført av Dagrun Molvik. 

 

Heidi har gjennom fleire år engasjert seg i frivillig arbeid, i første rekkje for arbeid med barn og unge. Ho driv barnekor både for Åheim og Fiskå, band på Åheim, ungdomskveldar og meir til.

Gjennom hennar aktivitetar får born oppleve kultur, meistring, sosialt samvær og felleskap innan trygge, gode og positive rammer.

Med dei unge kor- og bandmedlemmane reiser Heidi rundt på sjukeheimar, basar, konsertar, 17.mai og bidreg til fine opplevingar for alle i Vanylven.

Heidi Endal utgjer ein forskjell for ungdomen i Vanylven kommune og er ein verdig mottakar av Kulturprisen 2023!

 

Vi gratulerer Heidi Endal så mykje med kulturprisen !