Mellombels endring av parkeringsplassen på Åram ferjekai

Mellombels endring av parkeringsplassen på Åram ferjekai

I samband med anleggsarbeid på Åram ferjekai er det avtalt at ein flyttar parkeringsplassen ved Åram ferjekai ei periode.

Pendlarar og dei som nyttar biloppstillingsplassen må parkere på grusbana ei periode. Frå måndag 18. mars vert biloppstillingsplassen på Åram ferjekai mellombels flytta til grusbana ved Åram skule. Vi ber om at ein følgjer oppsett skilting og tek omsyn til pågåande anleggsarbeid. I første runde gjeld endringane fram til september.