Nytt om feiing og tilsyn i Vanylven kommune

Nytt om feiing og tilsyn i Vanylven kommune

 

 

 

Frå 1.1.2022 endra yrkestittelen seg frå feiar til brannforebygger, dette for å dekke meir arbeidsoppgavene til brannforebyggaren, som består av mykje meir enn berre feiing av skorsteinar. Dette er ei viktig oppgåve for å forebygge brann, men også å kunne veilede om ulike fyringsmetodar og korleis redusere forureining og sotdanning. Brannforebyggeren har god kunnskap om bygningskonstruksjon og bygningsmaterialer, og kan berekne korleis eldstad, skorstein og ventilasjon fungerer saman. Brannforebyggaren er ekspert på fyringsanlegg og brannsikkerheit i bustadar.

Vanylven kommune har inngått avtale med Brannteknikk AS tlf 98779988 for utføring av feie- og tilsynsarbeidet. 

Det vart i år starta opp feiing i Vanylven kommune i september. Først ute er Krokvika og deretter arbeidar ein seg utover. Det er Hakallestranda, Sør Brandal, Eidså, Syvde og Rovde som skal ha feiing.

Krokvika, Hakalle, Sør Brandal, Eidså vert det også utført tilsyn.

Digital kommunikasjon 

Vanylven kommune har tatt i bruk nytt fagsystem som på sikt gjev oss betre føresetnad for å utføre feiing og tilsyn etter behov jmf forskrift om brannforebygging §17. No fyrst vil alle husstandar verte kartlagt og lagt inn i fagdata-systemet, so frå 2024 vil husstandane oppleve endring i forhold til tidlegare frå feiing/ tilsyn som før vart utført etter fast rute, til att besøka vil verte utført vilkårlig i kommuna etter ei risikovurdering, samansatt av blant anna fyringsmønster og tilstand på fyringsanlegget. Enkelte vil få hyppigare besøk av brannforebyggar menst andre har lågare risiko og vil få besøk sjeldnare. Nytt er også att alle fritidsbustadar i kommuna og skal ha feiing/tilsyn.

Nytt er også digital kommuniksajon med brannforebyggaren, varsel om feiing vil bli sendt ut via sms minst to dagar før besøk, rett etter besøket vil du få ei ny melding med informasjon om feiing er utført/ikkje utført, med eller utan anmerkningar. Rapportane vil bli lagra i “min eiendom” på kommuna sine heimesider. Url vil også verte lagt til i rapportane.

Brannforebyggaren vil i tilsynet registrere fyringsanlegg, sløkkjeutstyr, brannvarslarar og rømningsvegar, her må eigar eller representant av eigar stille. Ved feiing vil brannforebyggaren kontrollere tilkomst, tilstand på skorstein både over tak og innvendig, samt utføre sjølve  feiinga.
 

Korleis får du varsel

  • Varsel vil verte sendt ut på sms. Huseigar må svare på denne melding kun med tallet 1 eller 2 for å få bekrefta besøk eller få nytt tidspunkt. Varselet vert sendt ut på eige system så det vil vise avsendar frå eit 12 siffra numme
  • For at vi skal vere sikre på at det er registrert rett mobilnummer, må huseigar sjekke på https://www.norge.no/nn/oppdater-kontaktinformasjon  om rett nummer ligg inne
  • www.varlsemeg.no kan de i tillegg legge inn fleire kontakter pr eigedom.

 

Formålet med besøk av brannforebyggar

Kontroll av fyringsanlegg

Vurdering av feiehyppigheit

Kontroll av tilkomst til skorstein og sotluke

Informasjon om rømmingsveg, sløkkjeutstyr og røykvarslar

Informasjon om bruk og oppbevaring av farleg væske og gass

Generelt om branntryggleik

 

Kva skjer under tilsynet

Du må vere heime når brannforebyggar kjem på besøk, ved feiing frå tak er det tilstrekkeleg å leggje fram stige under takstigen

All informasjon om fyringsanlegg og branntryggleik vert registrert

Huseigar vil få rapport frå brannforebyggar etter besøet

Huseigar kan gå inn på “mineiendom” får å få oversikt kva som er registrert på eigedomen

Merknad og/eller avvik vil kome fram i rapporten og i “mineiendom"

Huseigar kan sende tilbakemelding på avvik direkte frå “mineiendom”

Krav til adkomst :

  • Det skal vere god adkomst til skorstein. Det skal vere trinn på taket heilt frå takrenne til skorsteinen. Dersom skorsteinen er høgare enn 1.2m frå øverste trinn, må det monterast plattform.
  • Husstige skal vere av godkjent type, skal sikrast mot utgliding og kan ikkje vere av tre, stål eller av typen som er ledda eller teleskop.
  • Ved feiing frå loft må loftsluka vere minimum 50cm x 60 cm, og det skal vere ståhøgde på loftet.

Feiing 

Gi beskjed til alle i hustanden at det vert feia, også eventuelle leigetakarar.

Ikkje fyr i eldstaden eit døgn før feiing.

Steng alle omnsdører, luker og spjeld for å unngå sotutslag.

Alle feie- og sotluker må vere tilgjengeleg.

Legg fram stige under tilkomst til taket.

Om ikkje brannforebyggar fjernar soten, må du sjølv gjere dette etter feiing.