Pasient- og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet

Er du ikkje nøgd med helsetenestene, eller har spørsmål om rettane dine, kan du få hjelp og råd frå pasient- og brukarombodet. Kven som helst kan ta kontakt.

Illustrasjon: istockphoto.com

Kva er pasient- og brukarombodet?

Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ivareta pasientens og brukarens behov, interesser og rettssikkerheit. I tillegg skal dei bidra til å betre kvaliteten i tenestene.

Om du er misnøgd med helsetenestene du har motteke eller ikkje fekk den helsehjelpa du trong, kan du kontakte pasient- og brukarombodet.

Pasient- og brukarombodet jobbar med saker innafor offentlege helse- og omsorgstenester. Dette gjeld òg tannhelse.

Kva kan du få hjelp med?

Pasient- og brukarombodet kan gje råd og informasjon om rettar du har i helsetenesta.

Pasient- og brukarombodet kan blant anna hjelpe deg med:

  • Informasjon om rettar du som pasient har
  • Tydeleggjere ting som er vanskeleg å forstå
  • Finne ut av kva som er lurt å ta tak i først
  • Finne ut kven det er lurt å kontakte
  • Formulere og formidle spørsmål, tilbakemeldingar og klagar
  • Korleis du klagar på behandling eller avgjerder om din rett til helse -og omsorgshjelp
  • Å delta i møte med tenesta
  • Korleis du søker om erstatning

 

Kven kan få hjelp?

Alle kan kontakte pasient og brukarombodet og tenesta er gratis. Du treng ikkje tilvising for å ta kontakt. Pasient- og brukarombodet har teieplikt og du er anonym om du ønskjer det.

Om du er usikker på om du kan få hjelp av pasient- og brukarombodet, kan du uansett ta kontakt for å diskutere saken din.

 

Finn ditt lokale ombodskontor

Pasient- og brukarombodet har kontor 15 ulike stader i Noreg. Kvart kontor leiast av eit lokalt ombod. Ring 40 50 16 00, eller sjå liste over dei ulike kontora og korleis du kan kontakte dei på ombodet sine nettsider.