Planstrategi for Vanylven kommune 2024-2027 - Høyring

Planstrategi for Vanylven kommune 2024-2027 - Høyring

Vanylven formannskap vedtok i sak 04/24 den 23.01.2024 at arbeidet med ny kommunal planstrategi for 2024-2027 skulle startast opp. Forslaget til planstrategi er difor sendt ut på høyring til nabokommunane og statsforvaltaren i Møre og Romsdal, med høyringsfrist 18.april.

Planstrategi 2024_ høyringsutkast (PDF, 2 MB)

Kort om den kommunale planstrategien

Planstrategi kan kallast ein «plan for planlegging» der formålet er at den skal gje ei oversikt over utviklingstrekk og utfordringar i kommunen. Dokumentet skal klargjere kva planoppgåver kommunen bør starte opp eller rullere vidare for å få ei ynskja utvikling i kommunen.

Plan-og bygningsloven § 10-1 seier at kommunestyret skal minst èin gang i kvar valperiode, og seinast innan eitt år etter konstituering, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. 

Planstrategien bør omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunane sitt planbehov i valgperioden. Dette skal bidra til at planlegginga i Vanylven kommune vert behovsstyrt og ikkje meir omfattande enn nødvendig. Planstrategien er altså ikkje ein plan med mål og strategiar, men eit verktøy for å vedta kva planoppgåver kommunen skal gjennomføre.

 

Utviklingstrekk og viktige utfordringar i Vanylven kommune

  1. Demografisk utvikling i kommunen
  2. Næringsliv og kompetanse
  3. Areal, miljø og klima
  4. levekår, oppvekstvilkår og folkehelse
  5. Kommunale tenester i Vanylven kommune og organisasjon

 

1.Demografisk utvikling

Hovudutfordringar

  • Ujamn kjønnsbalanse i 2019 i Vanylven med 87,3 kvinner per 100 menn.
  • Redusert sysselsetting blant dei maritime verksemdene
  • Aukande del eldre menneskjer i kommunen – spesielt frå 2027
  • Minkande barnefødslar under planperiode 
  • Aukande behov for både tenester i heimen og for institusjonsplassar i perioden
  • Gjere Vanylven kommune attraktivt for unge yrkesaktive
  • Aldrane folkesetnad med færre yngre og potensielt yrkesaktive bak kvar person 67 år+ 

 

Døme på kva som vert gjort for å møte utfordringane 

  • «Ungdata»-undersøkinga 2024 
  • Folkehelseoversikta 2025 
  • Oppstart av kommunedelplan for helse og omsorg
  • Rullering av kvalitetsplan for barn og unge
  • Rullering av strategisk næringsplan
  • Rullering av bustadsosial handlingsplan

 

2.Næringsliv og kompetanse

Hovudutfordringar

  • Personar med høg utdanning blant sysselsette som bur og arbeider i kommunen er låg
  • Mange pendlarar blant dei busette i kommunen
  • Få offentlege arbeidsplassar utanom kommunen
  • Næringsliv med høg risiko for konjektursvingingar
  • Auka samarbeid mellom kommune, næringsliv og folkesetnaden
  • Utløyse gründer- og skaparvilje i befolkninga  
  • Gjere landbruksnæringa attraktiv for unge
  • Sysselsette i kommunen bur i andre kommuner 

 

Døme på kva som vert gjort for å møte utfordringane

  • Ny organisering av næringslivsarbeidet
  • Rullere næringsplan i samarbeid med næringslivet og næringsfond 
  • Støtte til klynge/nettverk for sosiale entreprenørar gjennom blant anna hoppid
  • Etablere og utvikle uformelle arenaer for samarbeid i næringslivet 
  • Arbeid for å realisere Rovdefjord-sambandet 
  • Arbeid for å realisere Stad skipstunnel

 

3.Areal, miljø og klima

Hovudutfordringar

  • Fram mot 2030 er det behov for store klimagasskutt innan vegtrafikk, sjøfart og landbruk. Dette kan krevja omfattande tiltak. 
  • Klimatilpassing må takast omsyn til i all kommunal planlegging og gjennomføring av tiltak. Samfunnet må tilpassast eit endra klima.
  • Avklare arealbruk og støtte opp under gjenbruk av areal for å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling 
  • Auka konfliktar rundt eksisterande kulturmiljø, grønstruktur, kulturhistoriske områder og annan småhusbusetnad 
  • Vere ein føregangskommune for berekraftig utvikling og berekraftig samfunnsutvikling

 

Døme på kva som vert gjort for å møte utfordringane 

  • Konsentrert utbygging rundt kommunesentrum 
  • Tilrettelegging for utsleppsfrie køyretøy (el/biogass/landstraum) 
  • Miljøfyrtårn-sertifisering av kommunen i 2024 
  • Miljøkrav ved innkjøp 
  • Energireduserande tiltak i kommunale bygg (Enøk) 
  • Rullering av kommuneplan for samfunn i 2024 – enkel revisjon
  •  Rullering av kommuneplan for areal i 2024
  • Rullering av klimaplan i 2027
  • Ny kommunedelplan for landbruk i 2024 
  • Ny kommunedelplan for naturmangfald 2024  
  • Berekraftsindikatorar (KPI)

 

4.Levekår, oppvekstvilkår og folkehelse

Hovudutfordringar

  • Aukande mengde ungdomar og vaksne som slit med einsemd og mentale helseutfordringar
  • Aukande livsstilssjukdomar blant folkesetnaden
  • Kollektivtilbodet i kommunen er eit hinder for unge og eldre sin mobilitet
  • Arbeide for likestilling, haldningsendring og utjamne lønsskilnadar
  • Stimulere det psykososiale miljøet ved å skape gode sosiale og gratis møteplassar for alle aldersgrupper.
  • Arbeide for å betre universell utforming og leggje til rette for alle samfunnsgrupper
  • Møte utfordringa knytt til eit aldrande samfunn 

 

Døme på kva som vert gjort for å møte utfordringane 

  • «Ungdata»-undersøkinga
  • Brukar- og tenesteundersøkingar
  • Folkehelseoversikta 
  • Kommunedelplan for Helse og omsorg
  • Plan for barn og unge
  • Samarbeid med husbanken og KS

 

5.Kommunale tenester i Vanylven kommune og organisasjon

Hovudutfordringar

  • Alt yngre tenestemottakarar i helse og omsorgssektoren. 
  • Talet på innbyggarar som ynskjer oppfølging for psykiske utfordringar er aukande
  •  Auke kunnskapen om berekraftig samfunnsutvikling, klimaendring og klimatiltak 
  • Nye retningslinjer innan miljø og berekraftig utvikling, auke krava til god samfunnsutvikling. 
  • Ynskje om vekst både av innbyggarar og arbeidsplassar fører til stor aktivitet innanfor feltet og krev ressursar både til å behandla plan- og byggesaker, men også krav til å kommunisere og formidla komplekse prosessar og enkelt saker
  •  Auka einsemd blant unge kan på sikt svekka idretts- og kulturtilbodet
  •  Fritidstilboda i kommunen vert stadig kapitalisert, kan føre til at fleire ikkje deltek i fritidsaktivitetar. 
  • Auke i talet på born med behov for spesialpedagogisk hjelp eller tilrettelegging. 
  • Vaksne med høgskule-/universitetsutdanning er lågare enn landsgjennomsnittet. 
  • Eldrebølge - auka økonomiske belastningar kan gje dårlegare tilbod til barn og unge 
  • Stadig fleire eldre i kommunen noko som generere nye utfordringar for kommunen 
  • Auka digitalisering fører til kostnader og aukar sårbarheita for digital infrastruktur 
  • Klimaendringar aukar faren for alvorlege naturhendingar 
  • Auke i reiseverksemd har auka sannsynet for pandemi