Regionalt miljøtilskot i jordbruket - frist for spreiing av husdyrgjødsel
Vi vil minne om at dersom du vil søkje om tilskot til spreiing av husdyrgjødsel i vår-/vekstsesong er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel 10.august.
Tilskotet utgjer ca 50 kr pr dekar.
Publisert 07.08.2020 13:47
Sist endra 04.01.2024 11:04
- 10.august - siste frist for spreiing av husdyrgjødsel
- 15. september - søknadsregistreringa opnar. Du kan ikkje søkje om tilskot før.
- 15.oktober - søknadsfrist (same dato som produksjonstilskotet)
- 1.oktober - ordinær frist for å spreie husdyrgjødsel – utan dette tilskotet.
Alle som har rett til produksjonstilskot kan også søke om regionalt miljøtilskot. Det vert opna for å søke frå og med 15. september. Fristen for å sende søknad er 15. oktober. Ved for seint levert søknad blir det eit trekk på 1000 kr pr. dag levert etter fristen, inntil 14 dager etter fristen. Beitelag har eigen frist; 15. november.
Slik søkjer du
Det må søkast via internett. Start gjerne på www.landbruksdirektoratet.no der du finn lenka «Søk om regionalt miljøtilskudd» https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/soknad-om-regionalt-miljotilskudd/ Den fører til innlogging via Altinn og deretter rett til søknadsskjemaet.