Spørjeundersøking om tillitsforholda mellom kommune, næringsliv og frivilleg sektor

Spørjeundersøking om tillitsforholda mellom kommune, næringsliv og frivilleg sektor

 

 

Vanylven kommune har engasjert Telemarksforsking for å måle tillitsforholda i Vanylven. Målinga vert gjennomført som ei spørjeundersøking til næringslivet, frivillig sektor, politikarane og administrasjonen til kommunen. Vi får målt tilliten i Vanylven opp mot tilsvarande målingar i meir enn 30 andre kommunar. Føremålet er å finne ut av tillitsforholda i Vanylven slik at vi kan verte betre. 

God tillit mellom kommune, næringsliv og frivillig sektor er viktig for å få til eit godt samarbeid i kommunen.

De får eit spørjeskjema frå Telemarksforsking i ein e-post om kort tid. Det er fint om de kan ta dykk tid til å svare på skjemaet slik at vi får eit best mogleg grunnlag for målinga.

Dersom du har fleire funksjonar i kommunen, som til dømes som næringslivsaktør og representant for frivillig sektor, vil du få ei undersøking for kvart område – og vi ber om at du svarer på undersøkinga til kvart område.