Status Vanylven legekontor og Helseplattformen

Status Vanylven legekontor og Helseplattformen

Vanylven testar fastlegeløysing med betringar

Måndag denne veka klokka 10 vart den fyrste pasienten ved Vanylven legesenter handtert via Helseplattforma. 

Kommuneoverlege, Cecilie Lillejord Oppedal

Legesenteret på Fiskå haldt stengt på fredag, men innendørs var det høg aktivitet då det gamle systemet vart slått av og det nye vart slått på. Ein viktig jobb har også gått for seg med å overføre alle viktige helsedata frå tidlegare brukte system og til Helseplattforma. 

 

- Systemet var faktisk i bruk allereie i helga i forbindelse med legevakt, og vi klarte å handtere alle pasientar på ein god måte, seier kommuneoverlegen i Vanylven, Cecilie Lillejord Oppedal.  

 

Vanylven legesenter, med legevakt, har frå laurdag den 2.desember tatt i bruk helseplattforma som journalsystem - då i form av allmennlegemodulen. Vi opplever at førebuingane har vore gode, både frå helseplattforma si side og frå alle våre tilsette her i kommunen. Før oppstart har alle tilsette ved legesenteret også fått ei grundig opplæring på 20 timar kvar.

 

Vanylven kommune reknar med ei markant auke i eldre i åra som kjem. Ei større grad av heilskapleg tenking på tenestene våre er også motivasjonen for no å ta i bruk eit nytt samhandlingssystem.  

For Vanylven kommune er dette eit spanande prosjekt fordi resten av tenestene våre skal ta i bruk HP frå 27.april, og vi vert då den fyrste kommunen i HelseMidt som har alle sine helsetenester på same system - noko vi håpar kan gi ein stor samhandlingsgevinst.  

 

Etter fjerde dagen med bruk er inntrykket svært godt. Vi ser allereie no eit system som i stor grad vil kunne forenkle ein fastlege sin hektiske kvardag. Både strukturen og arbeidsflyten i systemet opplevast god for både lege og hjelpepersonell. I overgangen er det ein struktureringsjobb som legane no må ta tak i, men når dette er gjennomført vil ein sitje att med ei heilt anna oversikt over pasienten sitt sjukdomsbilete enn det ein tidlegare har hatt moglegheit for. Det er også kome tilbakemeldingar frå publikum om at besøkssamandraget ein får i HelsaMi eller som ein får utlevert på papir etter endt konsultasjon, gjer at ein vert betre rusta som pasient til å ta hand om eiga helse vidare.  

Inntrykket så langt er positivt

 

Å ta i bruk eit nytt journalsystem på eit legekontor vil vere ei langt mindre kompleks øving enn ved eit sjukehus. Likevel er vi audmjuke for dei hendingane vi har sett ved St Olav. E-meldingar er derfor noko vi nøye overvakar no i starten. Vi har ikkje registrert nokon avvik på dette per no, og vi har bistand frå blant anna HEMIT i denne overvakinga. Vi har også ein dedikert sjukepleiarressurs her lokalt som no i starten kontrollsjekkar all utgående informasjon frå oss, så vi raskt kan avdekke eventuelle avvik. Vi har daglege møter på dette.  Ei slik overvaking er noko vi kjem til å halde fram med over ei 2 vekers periode, evt endå lenger om vi ser behov for dette.

Støtta frå Helseplattforma i denne overgangen er svært god - både stadleg støtte og brukarmanualen. Vi opplever at brukartilpassingar raskt vert tatt tak i.

 

Vi er takksame for denne moglegheita, og gleder oss til fortsetjinga.

 

Legesenteret er pilot nummer to som testar ut fastlegemodulen i Helseplattforma. Frå før er den i bruk ved Øya legekontor i Trondheim og ved Trondheim legevakt. Det vart raskt klart at løysinga ikkje var god nok til å verte introdusert for fullt ut til fastlegane, og det har derfor vorte jobba med å gjere betringar.  

- Det er fint at Vanylven legesenter så langt får til å gjere jobben med dagens løysing. Sidan Øya legesenter tok i bruk fastlegemodulen i mai 2022, er det gjort eit stort arbeid for å betre systemet i samarbeid med fagekspertar blant fastlegane. Mellom anna har vi renska opp og forenkla brukarflatene, og gjort betringar i økonomi- og faktureringsmodulen, som vi no piloterer på Vanylven legesenter, seier Thorleif Jansen som leier fastlege-teamet i Helseplattforma.

 

- Vi er svært opptatt av å kunne levere ei konkurransedyktig løysing for fastlegane og det er framleis behov for betringar og nyutvikling for å oppnå dette. Dette er bakgrunnen for at vi denne veka reiser til leverandøren Epic i USA. Vi ynskjer ein dialog med Epics toppleiing om dei komande leveransane knytt til løysinga, og ei tydeleg forplikting frå deira side til å levere eit konkurransedyktig produkt. Det er svært viktig for Helseplattforma å levere ei god løysing til fastlegane, seier Jansen.  

 

 

Mvh Marte Saure, 

 

Stabsleiar, Vanylven kommune