Tidenes sesong for Stikk UT! Vinter

Tidenes sesong for Stikk UT! Vinter

BildeTurregistrering_foto_Hilde Ellingsæter

Pressemelding Stikk UT! Vinter 2024:

Ei større satsing på Stikk UT! Vinter har gitt auke i både deltaking og tal på registrerte turar. I årets vintersesong har knappe 14 000 deltakarar registrert over 200.000 fot- og skiturar, som er over 60 000 fleire enn forrige vintersesong.

– I Stikk UT! er det å gå seg ein tur i nabolaget like mykje verdt som ein langtur på ski og vi har fokus på gleda ved å vere i aktivitet ute. Folk har tatt utfordringa og funne seg fine vinterturar, noko som er veldig gledeleg, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som har ansvaret for Stikk UT! i fylket.

 

Alt ved sesongstart 15. desember (2023) var det full vinter i Møre og Romsdal der fleire skiturmål alt var trakka opp og mange hadde fått ski på beina. Frå og med i år har vintersesongen også fått en fast sluttdato, 15. april, og ikkje 2. påskedag som tidlegare.

– April er ofte den finaste tida for mange til skiturar, derfor har vi valt å strekke  vintersesongen så lenge vi kan før vi må omstille app, turmål og nettside til sommarsesongen, seier Ellingsæter.

 

Tilrettelegging er viktig for folkehelsen

Gode møte mellom menneske og naturen fremmar helse og livskvalitet, og arbeidet som blir gjort med å tilrettelegge for uteaktivitet er derfor viktig. Vintersesongen bestod av 142 skiturar og 207 fotturar i alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Heim og Lesja/ Bjorli.

Stikk UT! er eit samarbeid mellom friluftsråda, skikrets, kontaktpersonar i kommunane, frivillege, idrettslag og løypelag.

– Vi rettar ei stor takk til samarbeidsaktørar som legg til rette for aktivitet og trivsel ute! Frivillege og løypekøyrarar frå 50 skiklubbar, pluss nokre løypelag og kommunar, brukar mykje tid og oppsparte midlar til å tilrettelegge flotte skiløyper for alle som er glade i å gå på ski, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets.

 

Tal fra sesongen

Turregistreringane har fordelt seg godt på alle dei 357 turmåla i årets vintersesong, men vi ser at fotturer i nærmiljøet, og turar til gapahukar, har blitt svært populære turmål.

Registreringene på både ski og fotturar har fordelt seg ganske jamnt gjennom sesongen, men med mars som beste månad for fotturar, og februar for skiregistreringar.

Gjennom veka har det vore jamnt med registreringar, med ein topp i helger og måndagar.

Dei fleste som deltek i Stikk UT! er i alderen mellom 30 og 70 år, men også ein god del barn og unge.

– Vi ser at Stikk UT! fenger alle aldersgrupper og det er vi veldig fornøgd med, seier Ellingsæter.

Kommunane med flest aktive på ski er Surnadal, Molde, Gjemnes, Tingvoll, Rauma og Kristiansund, medan Sande, Aukra, Hareid, Vanylven, Haram og Smøla sine innbyggarar var mest aktive på vinterfotturer.

 

Aktive arbeidsplasser

Friluftsråda inviterer også bedriftene til å delta på Stikk UT! som lag. Dette har vist seg å vere ein god motivasjonsfaktor for tilsette til å komme seg på tur i vinterhalvåret også, når ein kanskje treng det som mest.

Det er sommarsesongen som har flest deltakande bedrifter, men talet har også auka godt på på i vinterhalvåret.

 

For fleire lister og tal, sjå «topplister» på stikkut.no:

https://www.stikkut.no/stikkut/topplister