Til deg som driv jordbruk i Vanylven

Til deg som driv jordbruk i Vanylven

Kommunen vil minne om fristar for ulike tilskotsordningar:

Produksjonstilskot i jordbruket 2024 – Frist 15.mars
Føretak kan søkje om tilskot til husdyr ein disponerer pr.1.3.24. 
Om ordninga:    Produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket - Landbruksdirektoratet 
Dei som berre driv fôrsalg eller sal av frukt/grønt treng ikkje søkje før i oktober.
Nytt: Det er litt anna utsjånad på nettsida, elles lite endringar frå i fjor. 

 

Dreneringstilskot – Frist 1.april
Til grøfting av dyrka jord. Tilskotet er på kr 61 pr. meter eller kr 4000 pr. dekar systematisk grøfting. Det kan vere både opne og lukka grøfter. Arbeidsfristen er 3 år. 
Vi fekk lite midlar i år (130 000) og må prioritere mellom dei som søkjer.
Søknadsskjema og info:   Tilskudd til drenering av jordbruksjord - Landbruksdirektoratet

 

Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL-tilskot – Frist 1.april
Føremålet med SMIL-tilskotet er mellom anna:

  • Fremje beitebruk i gamle kulturlandskap
  • Redusere risiko for erosjon og avrenning til sårbare vassdrag
  • Hindre ureining frå jordbruket frå areal, fòr- og gjødsellager
  • Hindre forfall og sette i stand eldre, verneverdige bygningar eller kulturlandskap
  • Fjerne piggtråd frå inn- og utmark.  

Vi har fått kr 405 000 til fordeling. Tilskotet er 40-70% av kostnad. Arbeidsfristen er 3 år, kan forlengast 2 år. Gjeld tiltak som ikkje er del av normalt vedlikehald. Eigar eller drivar kan søkje. Eigne lokale retningsliner ligg føre, med satsar på nest siste side! https://www.vanylven.kommune.no/_f/p38/i2bc06227-549c-4ae5-8c48-244a14e5e808/smil-strategi-vanylven-2021-24-b.pdf
Søknadsskjema og info: Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet

 

Tilskot til tiltak i beiteområde – Frist 1.april
Denne ordninga har som formål å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Beitelaget er hovudmålgruppe, men andre lag eller enkeltbrukarar kan også søkje. 
Søknadsskjema og info:   https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/ordninger-for-jordbruk/tilskudd-til-tiltak-i-beiteomrader

Alle søknadsskjema (elektronisk) ligg på www.landbruksdirektoratet.no/nb/