Varsel om reguleringsarbeid - detaljregulering for Sighaug akvakultur, gbnr. 5/12 m. fl. - Vanylven kommune

Varsel om reguleringsarbeid - detaljregulering for Sighaug akvakultur, gbnr. 5/12 m. fl. - Vanylven kommune

 

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for akvakultur på land på Sighaug. Planid: 202104. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. MOWI ASA står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gbnr. 5/12 m. fl, og er på omlag 46 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Vanylven kommune 28.10.2021. Formålet med planarbeidet er å regulere for:

  • Utvide areal til eksisterande akvakulturanlegg med RAS-teknologi (resirkulering av vatn)
  • Leggje til rette for betre kai
  • Vidareføre tilkomst til området frå fylkesvegen

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Vanylven kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 03.11.2021. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.

                                                                                    

Aktuelle dokument finn du her:

Detaljplan Sighaug gbnr. 5_12 m.fl. - varsel oppstart av planarbeid_2021.11.02 (PDF, 211 kB)

DP Sighaug akvakultur, gbnr. 5_12 mfl - plangrense_flyfoto_2021.10.14 (PDF, 675 kB)

DP Sighaug akvakultur, gbnr. 5_12 mfl - plangrense_gråtone_2021.10.14 (PDF, 549 kB)

DP Sighaug akvakultur, gbnr. 5_12 mfl - plangrense_komplan_2021.10.14 (PDF, 889 kB)

Oversiktkart DP Sighaug_2021.11.01 (PDF, 429 kB)

Planområdet DP Sighaug akvakultur, gbnr. 5_12_2021.11.01 (JPG, 171 kB)