Vil ha innbyggarar i Vanylven kommune og andre kommunar i Møre og Romsdal med i ei folkehelseundersøking

Vil ha innbyggarar i Vanylven kommune og andre kommunar i Møre og Romsdal med i ei folkehelseundersøking

 

Den 1. februar får 56 000 innbyggarar i fylket over 18 år invitasjon til å delta i ei folkehelseundersøking. Svara som kjem inn skal brukast til å lage både lokale og regionale planar og til å prioritere kva tiltak som må settast inn for å betre folkehelsa.

I dei nærmaste dagane vil innbyggarar over heile fylket ta i mot ein sms eller e-post om å delta på Folkehelseundersøkinga der også mange i Vanylven kommune blir trekt ut. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om kor fornøgd folk er med nærmiljøet og lokale tilbod og aktivitetar, og om eiga helse og livskvalitet, levevanar, skader og ulykker.

-Informasjonen vi får frå innbyggarane våre gjennom undersøkinga vil kunne seie mykje om kva vi skal prioritere i arbeidet vårt for ei berekraftig samfunnsutvikling i kommunen og i Møre og Romsdal, seier folkehelsekoordinator Hanne Morseth i Vanylven kommune.

Første gong i Møre og Romsdal

Dette er første gongen at vi gjennomfører ei så stor undersøking for å kartlegge befolkninga si helse, trivsel og livskvalitet i fylket. Deltakarane er eit representativt utval som blir tilfeldig trekt frå Folkeregisteret. Opplysingane blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern.

Viktig med høg svarprosent

Denne undersøkinga er ein del av ei nasjonal satsing i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og mange fylke har allereie gjennomført slike undersøkingar i sine fylke.

-Vi ønsker at flest mogleg av dei som får invitasjon til å delta svarar på undersøkinga. På denne måten kan alle bidra til at det blir teke omsyn til kvardagen, livskvaliteten og meiningane til dei som bur i kommunen vår og til forsking på fylkes- og landsbasis. Resultata vil vere svært viktige for korleis vi legg planar i åra framover, seier konstituert rådmann Frode Vik.

 

På Møre og Romsdal fylkeskommune og Folkehelseinstituttet sine nettsider kan du lese meir om undersøkinga:

https://mrfylke.no/kultur-folkehelse-og-tannhelse/folkehelse-idrett-og-friluftsliv/folkehelseundersoekinga

https://www.fhi.no/div/helseundersokelser/fylkeshelseundersokelser/