Merksemd til tilsette med lang tenestetid

Merksemd til tilsette med lang tenestetid

Torsdag 09.02.23 var 180 tilsette samla i ungdomshuset til fest. Vi hadde ei kjekk stund med god mat, underhaldning og triveleg samvære. Ungdomslaget sørga for god middag og bevertning gjennom kvelden.

 

Brann- og redning gav oss eit innblikk i «kvardagen» på brannstasjonen. Her fekk vi i videoformat sjå opptredenar av ein sporty gjeng med brannskonstablar til stor jubel frå salen.

Kulturskulen stilte med musikalske opptredenar frå både elevar og lærarar.

Det var utdeling av gåve til dei med lang tenestetid. Ekstra stas var det at tre damer, med til saman 128 års fartstid, fekk tildelt medaljen for lang og tru teneste av ordføraren og kommunedirektøren på vegne av Direksjonen i det Kongelige selskap for Norges Vel. Gratulerer Kari Nykrem, Dagrun Sandnes og Sigrid-Marie Lillebø.

 

Dei tilsette er vår største ressurs i det kommunale tenesteapparatet. Denne kvelden feira vi alle som står på kvar dag, heile året, til det beste for innbyggjarane våre.

Ei stor takk til alle.

 

-Kommuneadminstrasjonen