Spørjeundersøking knytt til samfunnsdelen av kommuneplanen

Spørjeundersøking knytt til samfunnsdelen av kommuneplanen

 

I samfunnsdelen av kommuneplanen til Vanylven kommune vert det presisert at dersom kommunen spelar på lag med omgivnadane, vil tenestene bli betre og den enkelte innbyggjar i Vanylven vil oppleve høgare kvalitet i dei ulike livsfasane. Med utgangspunkt i denne tankegangen ynskjer vi at sikre at du som innbyggjar vert involvert med tanke på dei visjonane og verdiane som skal liggje til grunn for korleis kommunen skal vere forma i framtida.

Vanylven kommune har difor inngått eit samarbeid med selskapet Blåmyra i Selje for å støtte oss i arbeidet med revidering av samfunnsplanen. For at vi skal oppnå eit så godt resultat som mogleg, ynskjer vi innspel frå flest mogleg av innbyggjarane i kommunen. Vi vi difor be deg om å svare på ei kort spørjeundersøking som handlar om dine tankar om kommunen vi bur i. Desse fleire svar vi får, dess betre grunnlag har vi for å lage ein god plan – til beste for alle innbyggjarane i Vanylven kommune. Temaet for undersøkinga vil vere korleis du oppfattar Vanylven kommune. Dette gjeld både det som allereie er bra med kommunen vi bur i, men også kva som kan verte betre i framtida. Her har vi eit ynskje om at du skal svare så konkret som mogleg.

Lenke til spørjeundersøkinga: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSeKmyOmn4tY-Nb8INr9w4KgykWe0QugTFCaGVoZkvUa35mT8g/viewform

Dersom du ikkje får opna lenkja, skuldast det mest sannsynleg at Internet Explorer ligg inne som standard nettlesar. Du bør då prøve å opne lenkja i ein annan nettlesar. Kopier lenkja og legg den inn i ein annan nettlesar som t.d. Google Chrome eller Microsoft Edge.

Endre standardnettlesar i Windows 10

Tidsbruk: om lag 10 minutt.

Undersøkinga er anonym. 

Frist: 19. desember

Vi set stor pris på at du tek deg tid til å svare på undersøkinga!