Vanylven kommune og Tussa inngår langvarig samarbeidsavtale.

Vanylven kommune og Tussa inngår langvarig samarbeidsavtale.

Ivar Driveklepp, adm. direktør Tussa IKT, Andreas Nørve, kommunedirektør Vanylven kommune, Marte Saure, stabsleiar Vanylven kommune, Norodd Dyrhovden, Salssjef Tussa IKT

 

Vanylven kommune har gjennom fleire år hatt eit tett samarbeid om IKT-drift med nabokommunane gjennom Søre Sunnmøre IKT (SSIKT). Frå 1. januar 2024 går Vanylven kommune ut av dette samarbeidet og flyttar sine fagapplikasjonar i skya, noko som gjer at kommunen har behov for ny dataleverandør for IKT-infrastruktur.

Kommunen lyste før sommaren ut konkurranse for drift av den framtidige IKT-infrastrukturen. Dette skapte ei spennande moglegheit for kvalifiserte aktørar til å levere tenester som ville styrke kommunen sin teknologiske infrastruktur.

Vanylven kommune har no gleda av å kunngjere at Tussa IKT har blitt tildelt oppdraget.

- Vi ser fram til eit nytt og spanande samarbeid med ein lokal, anerkjend aktør innan IT-drift, IT-sikkerheit, softwareutvikling og integrasjonar med Microsoft 365- tenester, seier Andreas Nørve, kommunedirektør i Vanylven kommune.

Innovative og fleksible løysingar til innbyggjarane
Gjennom dette samarbeidet ønskjer kommunen å sikre gode tenester ut mot innbyggjarar og tilsette i ei tid der det krevjast innovative, fleksible løysingar for å løyse samfunnsoppgåvene til kommunen.

Tussa IKT ser fram til samarbeidet med Vanylven kommune.

- Sterk konkurranse og endra kundebehov gir eit kontinuerleg behov for utvikling og innovasjon. Satsingane vi har innanfor Azure og IT-sikkerheit er døme på dette. Vi gler oss og ser fram til ei interessant teknologisk reise saman med Vanylven kommune og våre partnarar, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Om Tussa IKT
Tussa IKT er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Tussa IKT er ein totalleverandør av IT-tenester, og leverer IT-løysingar basert på nettskya Microsoft Azure og eige datasenter i Ørsta. I tillegg er selskapet ISO-sertifisert innanfor miljøleiing og IT-sikkerheit, leverer IT-sikkerheitstenester og har ein profesjonell servicedesk. Tussa IKT sitt fibernett dekkjer søre Sunnmøre, Stryn og Stranda, og det blir bygt ut fiber til hushaldingar og bedrifter. Selskapet har kontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Stryn.

Om Vanylven kommune
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gir uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.


For meir informasjon:
Kommunedirektør i Vanylven kommune, Andreas Nørve, tlf. 928 47 803, e-post andreas.norve@vanylven.kommune.no

Adm. direktør i Tussa IKT, Ivar Driveklepp, tlf. 915 97 551, e-post: ivar.driveklepp@tussa.no