Kunngjering av vedtak om løyve til utslepp ved utfylling i sjø – Småstranda - Vanylven kommune.

Kunngjering av vedtak om løyve til utslepp ved utfylling i sjø – Småstranda - Vanylven kommune.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt Vanylven kommune Løyve til utslepp ved utfylling i sjø ved Småstranda i Vanylven kommune, datert 14.09.2023.

Det gis løyve til følgjande:

Utfylling av masser ved Småstranda gnr. 43 bnr. 55, 64 og 66, løyve er gitt med heimel i lov av 13.03.1981 om verne mot forureining og om avfall (forureiningslova) § 11, jf. § 16. Løyve gjeld utslepp ved utfylling i sjø for å tilretteleggjars for industri. Totalt skal det fyllest ut 100.000 m3 masser over eit areal på 28.500 m2.

Søknaden kan lesast i sin heilskap på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si heimeside, www.statsforvalteren.no/More-og-Romsdal/ , under kunngjeringar,

 

Klage:

Vedtak om løyve kan påklagast av partane eller andre med rettsleg klageinteresse til Miljødirektoratet, jf. Forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagefrist 20.10.2023.

Ein eventuell klage fremjast for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Klagen skal gje kva det klagast over, og den eller dei endringar som ønskjast. Klagen bør grunngjevast, og andre opplysningar av tyding for saka bør nemnast, jf. Forvaltningslova § 32. Eventuell klage skal gjevast skriftleg pr. e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no eventuelt post til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde.

 

Vi ber om at eventuelle klagar merkast med referanse 2023/1126

 

-Kommunedirektøren i Vanylven kommune.