Musikkbingen i Syvde

Musikkbingen i Syvde

Frå opninga av Musikkbingen i 2009 

Hausten 2009 fekk Vanylven kommune musikkbinge, som born og unge kan nytte til øvingsaktivitet. Bingen er plassert ved Myklebust skule, og kan nyttast av alle i kommunen. Bingen er lydisolert, oppvarma og ca 30m2 stor . Den er  utstyrt med bandutstyr slik som forsterkarar, songanlegg, trommer osv.

Utlån vert administrert gjennom kulturskulen, og vask ein gong i veka går også over kulturskulen sitt lønsbudsjett.

Bingen er finansiert gjennom statleg tilskot og med ein eigenandel frå kommunen.

Den er først og fremst tenkt å tene det sjølvstendige musikklivet i kommunen, men kulturskulen brukar den ein del,  og grunnskulen ved behov. Bingen er i bruk dei fleste dagane i veka, men der er rom for meir aktivitet.

Ta kontakt med rektor for spørsmål om leige.