Privatarkivordninga ved IKAMR

Privatarkivordninga ved IKAMR

Vanylven kommune er medlem av privatarkivordninga ved IKAMR og kan deponere privatarkiv dit. Pr januar 2024 har kommunen deponert 63 arkiv. 

 

Meir om medlemsskap i privatarkivordninga ved IKAMR

Private arkiv er skapte av enkeltpersonar, foreiningar, organisasjonar eller bedrifter, dvs. dokumentasjon frå ikkje-offentleg verksemd. Bevaring og tilgjengeleggjering av private arkiv er viktig for ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon.

Desse kommunane er medlem i privatarkivordninga pr 2023: Aukra, Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Hustadvika, Rauma, Sande, Sandøy (Ålesund), Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda og Møre og Romsdal fylkeskommune. Medlemskap i ordninga inneber at innbyggarar frå desse kommunane kan deponere privatarkiv ved IKAMR. 

Vanylven kommune samlar privatarkiv ved rådhuset, før deponering til IKAMR.  Det vert skrive ein avtale som tek føre seg eigarskap og klausuleringstid med dei som leverer private arkiv –før overføring til IKAMR. Det er utforma ein avtalemal som kan nyttast til dette føremålet. Slik kan vi handtere innsyn på ein god måte. 

Ved IKAMR vert privatarkiva ordna og registrerte, oppbevart etter forskrift og informasjon om arkiva publisert på arkivportalen.no. Arkivportalen er ei nasjonal søketeneste der ein finn opplysningar om kva historiske arkiv som er bevarte i Noreg. På denne måten vert brukarar gjort merksame på at arkiva finst og at dei kan brukast. Innsyn i dei private arkiva vert gjort etter offentleg regelverk med mindre der er gjort særskilde avtalar med arkiveigar. Materialet kan ein, på same måte som med dei kommunale arkiva, få tilgang til ved lesesalen på IKAMR. Digitisering av arkiv inngår ikkje i medlemsskapet, men er ei teneste som kan kjøpast via SEDAK (Fylkessenter for digitisering av kulturarven). Digitisert materiale kan publiserast på digitalarkivet.no om det er ønskeleg. Publisering vert gjort etter gjeldande reglar for innsyn.