Offentlege søkjarlister

Offentlege søkjarlister

Vanylven kommune legg ikkje ut offentlege søkarlister på nettsidene. Til liks med andre offentlege dokument i vårt arkiv, gir vi innsyn i offentlege søkarlister til alle som ber om det.

Korleis be om innsyn?

Du kan kontakte servicetorget på telefon 70 03 00 00 eller be om innsyn ved å sende ein e-post til postmottak@vanylven.kommune.no.

 

Har du søkt på ei stilling?

Om du sjølv er søkar til ei stilling, vil du kunne få utvida søkarliste til den stillinga du har søkt på. Meld frå i søkeportalen (webcruiter) for å få den utvida søkjarlista tilsendt eller utdelt.

Du kan også kontakte servicetorget på telefon 70 03 00 00 eller be om utvida søkjarliste ved å sende ein e-post til postmottak@vanylven.kommune.no